100% faste stillingar som helsefagarbeidar i Heimetenesta avd. Hauge omsorgsbustad

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Me har ledig to faste 100% stillingar som helsefagarbeidar ved Hauge omsorgsbustad  frå 01.12.26 og 01.01.27 eller etter avtale. Det er også ledig helsefagarbeidarstilling kvar 4. helg på 24,30% med langvakter på 14. timar laurdag og sundag, kortvakt fredag frå 01.12.2027 eller etter avtale. 

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar. 

Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette.

 

Intervju vil bli gjennomført fredag 23.10.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak 
  • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning 
  • Legemiddelhandtering 
  • Primærkontaktansvar 
  • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta 
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  •  Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar 
  • Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga 
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • God opplæring 
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  •  Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver 
  • Løn etter tariff 
  • Gode pensjonsvillkår 
  • Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad

Kvalifikasjonskrav

  • Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk. 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
  • Stillinga krev at De legg fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling

Kven er du?

  • Du er strukturert og har god gjennomføringsevne
  •  Du er engasjert og likar å samarbeida med andre 
  • Du har stå på vilje med glimt i augo 
  • Du er løysingsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak 
  • Du har digital forståing 

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!