Som prosjekteringsleiar hjå oss får du ei sentral rolle i utviklinga og gjennomføringa av veg- og infrastrukturprosjekt i Vestland. Du skal få ulike fag, aktørar og løysingar til å spele saman – og bidra til at det vi planlegg, faktisk kan byggjast.
Du blir ein nøkkelperson i prosjektorganisasjonen og jobbar tett med prosjektleiar, byggeleiar, rådgivarar og interne fagressursar. Saman skal de finne gode og gjennomførbare løysingar med rett kvalitet, kostnad og funksjon.
Stillinga høyrer til seksjon Prosjektering i avdeling Vegfag, under Infrastruktur og veg (INV). Her blir du del av eit sterkt tverrfagleg miljø som arbeider med prosjekt i heile Vestland.
Som prosjekteringsleiar får du ansvar for å leie og koordinere prosjekteringa i komplekse prosjekt. Du følgjer arbeidet gjennom ulike fasar – frå konkurransegrunnlag og prosjektering til løysingane er klare for bygging og gjennomføring.
Du vil mellom anna:
Hjå oss er prosjekteringsleiing meir enn å koordinere leveransar. Du skal bidra til å skape heilskap, stille dei gode spørsmåla og sørgje for at vala vi tek i prosjekteringa, gir gode løysingar når dei skal byggjast og takast i bruk.
Vi ser etter deg som trivst i skjeringspunktet mellom fag, menneske og gjennomføring. Du klarer å sjå heilskapen i komplekse prosjekt, samtidig som du fangar opp detaljane og grensesnitta som kan bli avgjerande seinare.
Du treng ikkje sitje med alle svara sjølv. Men du må kunne samle rett kompetanse, stille gode spørsmål, skape framdrift og få ulike fagmiljø til å arbeide mot same mål.
Vi ser etter deg som har:
Arbeider strukturert og målretta og klarer å halde oversikta når mykje skjer samtidig. Du kommuniserer tydeleg, byggjer gode relasjonar og får folk med ulik fagbakgrunn til å samarbeide godt.
Du tek initiativ, leitar etter løysingar og er trygg nok til å ta ansvar – og nysgjerrig nok til å utfordre etablerte arbeidsmåtar når det finst betre måtar å løyse oppgåva på.
Hjå oss får du arbeide med prosjekt som blir ein del av kvardagen til folk i Vestland i mange år framover. Prosjekta varierer i både storleik og kompleksitet, og du får reelt ansvar og handlingsrom i rolla.
Du blir del av eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap, utfordrar kvarandre og samarbeider på tvers av fag. Du får gode moglegheiter til å utvikle deg gjennom varierte prosjekt, tett samarbeid med erfarne kollegaer og kontinuerleg kompetansebygging.
Og kanskje viktigast: Du får vere med frå løysingane tek form på skjermen, til dei møter røynda ute på anlegget.