Arbetsbeskrivning

Ål kommune søkjer no biblioteksjef. Me ser etter deg som er oppteken av biblioteket som samfunnsaktør, og som ser biblioteket sin verdi i lokalsamfunnet. Du er engasjert og ambisiøs og vil bidra til å utvikle eit framtidsretta bibliotek. Rolla som biblioteksjef har ein sentral plass i kommunen si sterke satsing på kultur.

Ål bibliotek er eit meirope bibliotek i hjarta av Ål kulturhus. Biblioteket er ein sentral del av kulturlivet i kommunen og samarbeidar breitt med ulike aktørar i lokalmiljøet.

Litteraturformidling, læring og digital utvikling er viktige satsingsområde.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Leie biblioteket fagleg og administrativt i samråd med kommunalsjef kultur.
  • Ansvar for økonomi, budsjett, rapportering og måloppnåing.
  • Vidareutvikle biblioteket som kultur- og kunnskapsarena i tråd med kommunale planar og nasjonale føringar.
  • Følgje med på den samfunnsmessige og teknologiske utviklinga i sektoren.
  • Delta i den daglege verksemda og inngå i biblioteket si vaktordning.
  • Biblioteksjefen må rekne med noko kvelds- og helgearbeid.
  • Samarbeide med aktørar på kulturhuset og i det frivillige kulturlivet.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare bbliotekfagleg eller kulturfagleg utdanning, eller anna høgare utdanning med breidde og relevante fag.
  • Ynskjeleg med leiarerfaring og erfaring frå bibliotek.
  • God kunnskap om litteratur.
  • Digital kompetanse og god systemforståing.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
  • Service- og brukarorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i samhandling med andre.
  • Relasjonsbyggjar: du er positiv og kan samarbeide på tvers av nivå innad i organisasjonen, samt ut mot fagmiljø i Hallingdalskommunane.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr:

  • Eit regionalt fagmiljø og samarbeidsforum.
  • Ein framtidsretta kulturkommune med lange tradisjonar.
  • Kreativt og godt arbeidsmiljø.
  • Kompetente og engasjerte medarbeidarar.
  • Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP.

Send søknad:

  • Vitnemål legg du inn saman med søknaden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her