Har du evne til å analysere data, sjå samanhengar og skape oversikt på tvers av ulike informasjonskjelder? Møre og Romsdal politidistrikt søkjer no etter ein strategisk analytikar som ønskjer å bruke kompetansen sin til å bidra til tryggleik og ei kunnskapsbasert utvikling av politiet si verksemd. Stillinga er nyoppretta, og er organisert under Stab for verksemdstyring. Du må pårekne noko reiseaktivitet, og evna til å samhandle digitalt er viktig.
Som strategisk analytikar vil du samarbeide tett med ulike fagmiljø for å samle inn, systematisere, analysere og formidle innsikt som støttar gode avgjerder. Du vil ha ei sentral rolle i utviklinga av styrings- og beslutningsgrunnlag knytt til kriminalitets- og straffesaksdata, i tillegg til interne styringsdata. Gjennom analysar og innsikt vil du bidra til betre prioriteringar, meir målretta ressursbruk og auka måloppnåing i politidistriktet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter deg som er analytisk, nysgjerrig og utviklingsorientert. Du blir motivert av å bruke data og innsikt til å skape betre avgjerder, gode prioriteringar og meir effektiv drift.
Du arbeider sjølvstendig og strukturert, tek eigarskap til oppgåvene dine og leverer arbeid av høg kvalitet. Som analytikar kombinerer du grundigheit med pragmatisme og har god evne til å prioritere innsatsen der verdien er størst.
Du kommuniserer klart og tydeleg, samarbeider godt på tvers av fagmiljø og er komfortabel med å utfordre etablerte praksisar når det bidreg til utvikling og forbetring.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Det er også ønskjeleg med:
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.