Stillinga som rovviltkontakt, fast tilsett på tilkalling i Statens naturoppsyn (SNO), gir deg høve til å jobbe i felt med innsamling av viktige data som har stor betydning for forvaltninga av store rovdyr. Stillinga er knytt til éin eller fleire kommunar, og du må ha god lokalkunnskap. Det er viktig at rovviltkontakten kan løyse oppgåvene i god kontakt og dialog med beitebrukarar og lokalsamfunnet elles. Rovviltkontakten utfører oppgåver på dei arbeidsområda og i det geografiske området som blir bestemt av den fagansvarlege for rovviltdokumentasjon i lokalt SNO. Oppgåvene skal løysast i tråd med fastsette instruksar og elles på den måten og i den prioriteten som SNO bestemmer.
Arbeidet som lokal rovviltkontakt er eit bierverv. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og arbeidstida vil vere varierande, styrt av hendingar og avhengig av behov. Vi strekar under at den enkelte arbeidstakaren sjølv må passe på at den samla arbeidsbelastninga i hovudarbeidsforholdet og arbeidet som rovviltkontakt ikkje overstig det som er forsvarleg.
Naturoppsynsmyndigheit er ikkje ein del av rolla som rovviltkontakt. Arbeidet krev god rolle- og aktørforståing og at ein følger policyen til arbeidsgivaren og HMS-reglementet som gjeld innanfor dei aktuelle arbeidsområda og oppgåvene. Rovviltkontakten har plikt til å delta på kurs og andre kompetansehevande tiltak i regi av SNO.
Arbeidsoppgåvene er styrte av hendingar og krev stor fleksibilitet med tanke på planlegging og gjennomføring. Du må rekne med å bruke din eigen bil. Bilbruken blir dekt etter statlege satsar.
Hovudgeografien for denne stillinga er Vest-Telemark. Ved behov kan rovviltkontakten bli spurd om å ta på seg oppdrag i andre geografiske område.
Kvalifikasjonar
Eigenskapar
Det er nødvendig med god evne til positiv relasjons- og tillitsbygging overfor aktuelle brukargrupper.
Søkarane må ha godt omdømme i det lokale arbeidsområdet og god vandel. Referansar kan bli innhenta frå kommunar og lokal beitenæring.
Kontaktperson for stillinga er regionalt fagansvarleg i SNO, Espen Marker, tlf. 97 57 09 75 eller e-post [email protected].
Oppgi referansenummer 73-2026 SRD når du tek kontakt.
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdanning tatt i Norge må du laste opp frå Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.