Straume bu- og servicesenter er eit levande og unikt omsorgssenter midt på Straume. Her arbeider ein engasjert og tverrfagleg personalgruppe for at bebuarane skal få ein aktiv og meiningsfull kvardag med tryggleik og meistring. Hos oss jobbar sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret består av tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. No søkjer vi nye medarbeidarar som vil vera med å gi gode tenester til bebuarane våre på helg.
Vi har fleire faste helgestillingar ledige, frå 13 til 20%.
Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller heimeteneste
Avdelingsleiar, Astrid Geitle tlf: 913 19 622
Heidi Reisegg Endal tlf: 919 11 187
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.