Tilkallingsvikarar ved VHT - Helsefagarbeidar eller assistent

Arbetsbeskrivning

Vi ser etter engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar (primært på helg) ved Vangsheimen og heimebaserte tenester. Som medarbeidar i VHT blir du ein viktig del av kvardagen til menneske som treng støtte, pleie og tryggleik.

 

Søknadane vert fortløpande vurdert.


Arbeidsoppgåver

  • Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
  • Praktisk bistand og rettleiing av brukarar
  • Bidra til positivt samarbeid med pårørande
  • Dokumentere i fagsystemet Profil

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnvis helsefagarbeidar, men ufaglærte med erfaring kan søkje
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kommunal pleie-og omsorgstenester
  • Kunnskap om bruk av IKT som verktøy

Søkjar må vere minst 18 år

Personlege eigenskapar

  • Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
  • Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
  • Vere motivert, engasjert og strukturert
  • Ha gode evner til samarbeid
  • Vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
  • Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapeleg

Vi tilbyr

  • Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
  • Opplæring og rettleiing

Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.

Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsvavtalar.

Kontaktinformasjon

Rita Helen Dalemark, Konst.leiar VHT, 91583299 , [email protected]

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 5083419503
Stillingsprosent: 12%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026