Som assistent vil du jobba aktivt og lojalt med gjennomføringa av barnehagen sine daglege gjeremål og pedagogiske opplegg, i samsvar med vår verdiplattform, mål og planar. Me får verdas viktigaste verdiar til å vekse!
Korleis ein arbeidskvardag ser ut- Du må må passe på at barnehagen vert driven i samsvar med Læringsverkstedet sin verdiplattform og kvalitetsstandard
- Du må arbeide i gode relasjonar til barn der vaksne og barnet er likeverdige. Du som vaksen må lytte og barna medverke, slik at dei utviklar sine ferdigheiter, får tru på seg sjølv og kjenner livsglede
- Du må bidra med ein positiv innstilling og pågangsmot, både for barna og for arbeidsmiljøet
- Du får medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, t.d der du får ansvar for å ha samlingsstund, aktivitetar, frileik, rutinesituasjonar og praktisk arbeide.
- Du får medansvar for tilrettelegginga av eit godt samarbeid med føresette/foreldre
- Du må halda deg fagleg oppdatert, delta på kurs og fagopplæring som me tilbyr, bl.a. gjennom Læringsverkstedet Akademiet
Kven kan passe i denne rollaDu må væra ein relasjonsorientert person som ser kvart einskild barn. Du må kunne lytta og væra lydhør på kva barna ynskjer å formidla. Du har faglege ambisjonar og eit hjerte for det du driv med. Vidare at du har evna til å skapa engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling.
Du må væra løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkast i rolla må du kunne kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du må kunne jobba sjølvstendig og væra ansvarsbevisst. Me ynskjer ein assistent som er god, varm og ein omsorgsfull vaksenperson. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er stikkord for vårt personale. Du må identifisera deg med Læringsverkstedets verdiar
Kvalifikasjonar- Erfaring frå arbeid med menneske og/eller liknande stilling er veldig bra. .
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
- Du kan væra ein aktiv vaksen saman med barna og kunne iverksette tryggingstiltak om det er nødvendig.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Kunnskap om matlaging med barn er ein fordel
- Politiattest må leggast fram før tilsetting.
- Personleg eigneheit vil verta vektlagt