Ved geografisk driftseining Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som tenestestadsleiar ved Høyanger politistasjon. Høyanger politistasjon er del av tenesteeining Sunnfjord, som har ansvar for polititeneste i kommunane Høyanger, Sunnfjord, Gloppen, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Bremanger og Kinn (sør). Stasjonen samarbeider også med tenesteeining Sogn om polititeneste i Balestrand kommune. I tillegg til tenestestadsleiar, har Høyanger politistasjon for tida fem tilsette.
Vi søker ein modig og sjølvstendig leiar med vilje til å skape gode resultat gjennom strukturert arbeid og høg gjennomføringsevne i eit heilskapleg perspektiv. Du må kunne bygge gode relasjonar, ha god personalomsorg, vere motiverande og inkluderande, samt ha evne til å rettleie medarbeidarane dine.
Geografisk driftseining Sogn og Fjordane består av tre tenesteeiningar, i tillegg til ein eigen etterforskingsseksjon. Driftseininga har kombiteneste med utvida aktiv teneste og beredskapsvakt. Det blir utført patruljeteneste, førebyggande arbeid og etterforsking ved alle tenestestadane. Sivile oppgåver er i hovudsak lokaliserte til hovudkontora for tenesteeiningane.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebygge og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søker derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter ein engasjert og tydeleg leiar som ønskjer å vere med og utvikle tenestestaden og skape gode resultat. Du evnar å kombinere struktur og gjennomføring med god personaloppfølging, og du motiverer medarbeidarane dine til å levere arbeid av høg kvalitet.
Du byggjer sterke relasjonar, utviklar teamet ditt og legg til rette for læring og kontinuerleg forbetring. Du er løysingsorientert, trygg i avgjerder og arbeider strategisk for å vere i forkant av kriminaliteten.
Du har høg etisk medvit, bidreg positivt til samarbeidet rundt deg, og trivst i ein variert kvardag der du også deltek i beredskap og operativt politiarbeid ved behov.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskjeleg med:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.