Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelte på tre avdelingar, med tre til fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9–11 pasientar. Me har eige kjøken og eigen lege.
Me søkjer etter assistentar og helsefagarbeidarar som ønskjer å arbeida fast helg ved somatisk avdeling på Osterøytunet. Det kan òg vere moglegheiter for vikariat. Helgestillingane ved somatisk avdeling varierer frå 14,79 % til 17,37 %, med arbeid kvar tredje eller kvar fjerde helg. Det vil også vere moglegheit for ekstravakter.
Me har no ledige fire faste helgestillingar med oppstart frå 01.12.2026. Det kan òg vere aktuelt med vikariat.
For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kontaktpersonen vår.
På Osterøytunet nyttar me moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate.
Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø, der medarbeidarane får bidra med erfaringane sine og vere ein del av utviklinga av tenestene.
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
De er krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stillinga.
Osterøy kommune har 6 md prøvetid