Edland barnehagen søkjer ein trygg kollega som vil bidra til leik, læring og gode opplevingar i barnehagen.
Me er den nordvestlegaste barnehagen i Vinje kommune, og er ein av fire kommunale barnehagar.
I Edland er naturen rett utanfor døra. Her gjev fjell, skog og vatn fine moglegheiter for leik, utforsking og gode naturopplevingar året rundt. Me ligg nær skule, svømmebasseng, bibliotek, sykkelpark, turstiar og ljosløype.
I barnehagen er me 14 tilsette. Det er ei god blanding av pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og matansvarleg.
Alle har mykje og god kunnskap om barn og barns utvikling.
Vil du vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn?
Har du evne til å skape gode relasjonar til barn, og eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barn?
Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage? Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Velkomen som søkjar!
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kalle inn til intervju.