Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset

Arbetsbeskrivning

Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb?

Bli tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset!

Har du erfaring med menneske og eit ønskje om å skape tryggleik for pasientar i ein sårbar fase?

Vi søkjer tilkallingsvikarar til oppdrag som fastvakt (1:1) for pasientar med delirium og vandringstendens. Den viktigaste oppgåva di er å bidra til tryggleik, ro og nærvær gjennom miljøtiltak, støtte og omsorg.
Tilsetjing vil skje fortløpande.

Vi tilbyr:

  • Fleksible vakter på dag, kveld og natt
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor verdi for pasientane
  • Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar
  • Moglegheit til å utgjere ein viktig forskjell for pasientar og pårørande

Ei trygg hand. Eit roleg nærvær. Ein viktig forskjell.


Arbeidsoppgåver

  • Vere til stades saman med éin pasient
  • Bidra til tryggleik, struktur og ro
  • Utføre miljøtiltak og førebyggje uro
  • Observere og varsle pleiepersonell ved behov
  • Ikkje ansvar for medisinsk behandling eller sjukepleiefaglege oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
  • Student innan helse- og sosialfag
  • Pensjonert helsepersonell
  • Det er ikkje krav om særskild kompetanse, men du bør ha relevant erfaring med å møte, støtte og rettleie menneske

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg og tillitvekkjande i møte med andre
  • Du er roleg og tålmodig, også i krevjande situasjonar
  • Du er omsorgsfull og empatisk, og viser omtanke for menneska rundt deg
  • Du er ansvarsmedviten og påliteleg, og tek ansvar for oppgåvene dine
  • Du er god til å byggje relasjonar og skape tillit gjennom god kommunikasjon

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. 

Kontaktinformasjon

Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar, +47 45761661, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5188994101
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 01.11.2026