Vi søkjer logoped/PP-rådgjevar i 100 % vikariat frå 01.01.2027. Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) er ei samla fagavdeling innan oppvekstområdet. PPR omfattar mellom anna PP-tenesta, fagavdeling for barnehage og skule, logopedtenester, spesialpedagogiske tenester i barnehage og oppgåver knytte til barnehagemynde.
Stillinga er plassert i PP-tenesta og vil ha ei sentral rolle i arbeidet med logopedisk rettleiing og oppfølging i barnehage og skule, samtalar med barn og unge og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytte den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar.
Satsingsområda våre er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging, tidleg innsats og pedagogisk-psykologisk utviklingsarbeid. BTI, Språkkommune, Trygt og godt og inkluderande læringsmiljø er sentrale satsingsområde.
Kontorarbeidsplassen er for tida sentralt plassert i Straumeområdet, men vert flytta til Skogsvåg våren 2027. Tilsette i PPR arbeider ute i einingar over heile kommunen.
Vi søkjer deg som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Merete Nygård Ingebrigtsen
Einingsleiar
[email protected]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.