Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringar kvar dag?
Sengepost nevrologi har no ledig ei 50 % fast stilling. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse og varierte arbeidsdagar.
Vi ser etter deg som trivst med pasientretta arbeid, både i samarbeid med andre og når du arbeider sjølvstendig. Du er positiv, fleksibel, nysgjerrig og tek initiativ i kvardagen.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, gode kollegaer, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver.
Har du spørsmål om stillinga eller ønsker å vite meir om seksjonen, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.
Ved interne omrokkeringar kan det òg bli ledig andre stillingsstorleikar.
Kikk gjerne innom vår instagramkonto sengepostnevrologi_SNR.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.