Vi har ledig tre vikariat i 100 % stilling frå 01.12.2026.
Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit sterkt fagmiljø og trivelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av fagområde, med pasienten i fokus og mål om å gi best mogleg behandling og omsorg.
Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar, noko som gir deg som sjukepleiar varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. For tida har vi 30 sengeplassar fordelte på fire grupper.
Oppstart etter nærare avtale.
Vil du bli ein del av laget vårt? Då håpar vi at du sender oss søknaden din!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.