Sjukepleiar 100 % vikariat

Arbetsbeskrivning

Sykkylven Helsehus er ein spennande arbeidsplass i nye lokaler med eit godt fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, med tydelig fokus på å levere best mogleg helsetenester til kommunen. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, og varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Vi har prosjekt som gir fokus på fagleg utvikling, oppgåvedeling og effektivisering av legetenester.

Sykkylven legesenter er kommunalt drive og har 9 legeheimlar, samt ein LIS1-lege. Legesenteret har 5 sjukepleiarar og 4 andre helsepersonell der fleire også jobbar ved legevakta i todelt turnus. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune og omfattar 3 fast tilsette legevaktsleger og sjukepleiarar.

Vi har no ledig 100 % vikariat som sjukepleiar.

Stillinga er per no i todelt turnus, med arbeid på kveld kvar 3. veke på legevakta.
Vi har fokus på helsefremjande turnus og lav vaktbelastning. Oppstartsdato snarast. Vikariatet er fram til august 2027, med moglegheit for forlenging.


Arbeidsoppgåver

  • Triagering av pasientar over telefon
  • Samarbeid med AMK, ambulanse og Ålesund legevakt
  • Skiftestue arbeid (EKG, spirometri, sårstell, infusjonar, injeksjonar, m.m.)
  • Laboratoriearbeid
  • Observere og vurdere pasientar og sette strakstiltak ved akutte situasjoner
  • Bli med lege på utrykning ved akutte situasjonar
  • Gi råd og veiledning til pasientar og pårørande
  • Helsefremmande og forebyggande arbeid
  • Jobbe aktivt med forbedringsarbeid ved legesenteret/legevakta

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med autorisasjon
  • Erfaring innan diabetes, lungesjukdommar, infeksjonssykdommar og akuttberedskap er ønskeleg
  • Gode IT-kunnskaper
  • Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
  • Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
  • Du har evne til utvikling og nytenking
  • Løysningsorientert, endringsvillig og motiverande i arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, har god arbeidskapasitet og omstillingsevne
  • Evne til å takle høgt arbeidstempo
  • Godt klinisk blikk og interesse for fagutvikling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

    Personlig egnaheit blir vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • God kollegial støtte og samarbeid
  • Fagleg utvikling
  • Fagmøter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
  • Varierte og utfordrende arbeidsoppgaver
  • God opplæring og tett oppfølging
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

 

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, [email protected]
Emily Ingina Nedreberg, Avdelingsleiar Legetenester, +47 91898741, [email protected]

Arbeidsstad

Auregata 19
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5191856102
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.10.2026