Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig ei spennande stilling som politiadvokat/politiadvokat2 med særlig ansvar for inndragning. Stillinga er ein del av politidistriktet si satsing på å styrkje innsatsen mot profittmotivert kriminalitet, mellom anna organisert gjengkriminalitet og økonomisk kriminalitet, og er underlagt Felles eining for påtale.
Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og rettsforfølging av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom forsvarlig og effektiv forvalting av den samla straffesaksporteføljen til distriktet. Eininga har ansvar for å sørgje for at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar mv. etterlevast.
Felles eining for påtale består av fire seksjonar; tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar (straffesaksseksjonen). Stillinga er fleksibel med omsyn til arbeidsstad, som kan vere Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Som politiadvokat med særleg ansvar for inndraging vil du arbeide med å sikre verdiar som stammar frå kriminell verksemd. Stillinga omfattar juridiske avklaringar, påtalestøtte, kompetanseheving og fagutvikling innan fagområdet.
Du vil ha eit fagleg rådgjevingsansvar for heile Møre og Romsdal politidistrikt og bidra til å styrkje arbeidet med å avdekkje og inndra utbytte frå straffbare handlingar. Arbeidsoppgåvene ellers vil i hovudsak vere knytt til økonomisk kriminalitet og omfatte etterforskingsleiing, påtalearbeid og porteføljeforvaltning. Stillinga inneber spesielt tett samarbeid med avsnitt for økonomisk og miljøkriminalitet ved Felles eining for etterforsking, eit spesialavsnitt som arbeider med alvorleg økonomisk kriminalitet knytt til næringsliv og offentleg sektor.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ser etter ein motivert og målretta medarbeidar som kan bidra inn i det viktige arbeidet mot økonomisk og profittmotivert kriminalitet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
For søkjar til politiadvokat 2 krevst i tillegg;
Det er også ønskjelig med;
For å trives og lykkes i stillingen ser vi for oss at du:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har en funksjonsnedsettelse, innvandrerbakgrunn eller hull i CV-en, er det anledning til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillingen, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det innebærer at minst én søker fra hver av disse gruppene blir innkalt til intervju.
Les mer om positiv særbehandling når man søker jobb i staten her.
Opplysningene du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter bruker i sine årsrapporter.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søker ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV‑skjema og skrive et kort søknadsbrev. I tillegg må du legge ved relevante vitnemål og attester. Relevante kandidater vil bli kalt inn til intervju.
Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket ditt ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette.