Om avdelinga:
Tiltaket for einslege mindreårige flyktningar består av eit bufellesskap og fleire bukollektiv, og er organisert i barneverntenesta under kommunalsjef oppvekst. I bufellesskapet er det kapasitet til 5-6 ungdomar, og pr. i dag bur det fem ungdomar der. I tillegg er det busett fleire ungdomar i eigne bustader som høyrer til under EM Tiltaket. Det er totalt åtte miljøterapeutstillingar i bufellesskapet, som alle jobbar i langvaktturnus. Bufellesskapet er lokalisert på Brattholmen, på Lille Sotra.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Må ha:
Ønskjeleg med:
Personlege eigenskapar:
Anna:
For tida er arbeidet organisert i døgnturnus. Turnus inneber samanhengande arbeids periodar på 2-3 døgn på arbeidsstaden, etterfølgt av friperiodar.
Arbeidstidsordninga er etablert for å ivareta brukaren sine behov og kan bli endra behova i tenesta eller andre vilkår tilseier det.
Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr:
Kontakt
Avdelingsleiar Marian Austrheim tlf: 92485977 [email protected]
Einingsleiar barnevern Hege Gundersen tlf: 93484846 [email protected]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.