Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!
Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten, ein sjukepleiar i 100% fast stilling i turnus, ledig frå d.d.
For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då 4. kvar helg.
Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs.
Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
Sentrale ansvarsområde:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.