Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss.
I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter ein skipsførar som vil bli ein del av mannskapet om bord på hurtigbåtane på desse rutene.
Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri - perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.
På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Vi tek over drifta av ruta 1.desember. Oppstartstidspunkt blir avtalt nærare.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.