Volda Omsorgssenter søkjer ein engasjert og initiativrik sjukepleiar til ei fast 80 % stilling ved vår aktive og tverrfaglege korttidsavdeling.
Her får du høve til å arbeide med ulike typar pasientar – i eit miljø der fagleg samarbeid og menneskeleg nærleik står i sentrum.
Korttidsseksjonen tilbyr: Ordinær korttidsopphald. Øyeblikkeleg hjelp-funksjon innan somatikk og psykiatri
Tett samarbeid med fysio-/ergoterapeutar, lege, HBO, sjukehus og forvaltningskontor
Vi jobbar miljøretta – du som sjukepleiar er det viktigaste verktøyet i møte med pasienten. Her får du bidra til ein meiningsfylt kvardag for både pasientar og pårørande.
Stillinga har 2 delt turnus med arbeid kvar 3. helg . Planar om årsturnus , langvakter og etablering av sjukepleieteam
Vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Vi ser etter deg som er :
Personleg eignaheit vert vektlagt. Nyutdanna er også velkomne til å søke!
Er fagleg engasjert og trygg i møte med krevjande situasjonar
Tek initiativ og ansvar
Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre.
Ønskjer å bidra til utvikling og dele kompetanse med kollegaer
Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi gjer ei heilskapeleg vurdering av søkjerar og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referanse vert nytta.