Vil du bli vår nye sjukepleiar på natt?
Ved Rosendalstunet har vi no ledig ei 80-100% fast nattstilling for sjukepleiar. Hos oss får du vere ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø der målet er å gje bebuarane trygg, verdig og omsorgsfull pleie.
For eksterne søkjarar tilbyr vi eit rekrutteringstillegg på kr 50 000, med bindingstid på 2 år.
Oppstart snarast etter avtale.
Rosendalstunet ligg i vakre Rosendal ved Hardangerfjorden og har 60 plassar fordelt på langtidsopphald, demensomsorg og korttid/rehabilitering. Hos oss møter du eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet, rehabilitering, demensomsorg og palliasjon. Vi arbeider tverrfagleg og tek aktivt i bruk velferdsteknologi i tenestene våre.
Nattenesta er organisert slik at sjukepleiar på natt utfører oppgåver både i institusjonen og i heimesjukepleia. Arbeidet omfattar mellom anna stell og tilsyn, faste tilsyn hjå heimebuande brukarar, samt handtering av alarmar og utrykkingar. Dette gjev ein variert og spanande arbeidskvardag med stort ansvar og høve til å nytta brei sjukepleiefagleg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer ein medarbeidar som:
Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagde ved tilsetjing.
Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom den statlege ordninga for sletting av studielån.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet
Det er krav om gyldig politiattest før tiltreding i stillinga, i samsvar med gjeldande lovverk.
Rosendalstunet – omsorg med kvalitet, faglegheit og varme.