Brannkonstabel - fast 2,42% (deltid) Kaland depot

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som sjåfør og røykdykkar knytt til Kaland depot.

Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar. 

Stillinga har ein storleik på 2,42%. Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd.


Om oss

  • Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med  34 000 innbyggjarar. 
  • Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining.
  • Opeativ eining er fordelt på fem brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, og to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
  • Operative oppgåver/utrykkingar
  • Røykdykke
  • Sjåfør brannbil kl. C
  • Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
  • Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr
  • Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
  • Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga

Kvalifikasjonskrav 

  • Fullført og bestått aspirantkurs internt i NHBR
  • Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
  • Godkjent helsekontroll
  • Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding
  • Bustad maks 10 minutt frå Kaland depot
  • Fysisk og psykisk skikka til stillinga
  • Førarkort klasse C 
  • Beherske norsk muntleg og skriftleg

Ønskjeleg kompetanse

  • Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole
  • Erfaring frå beredskapsarbeid
  • Kode 160 (utrykkingskøyring)
  • Båtførarprov

Kven er du?

  • Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing.
  • Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere.
  • Har forståing for risiko med køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil.
  • Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar.

    Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Me tilbyr

 

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkrèt skilnad i livet til ein person / livet til mange.
  • Oppfølging og rettleiing.
  • Moglegheit til å utvikla evnene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle.
  • God pensjonsordning i KLP.
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det for eksterne kandidatar stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved innan oppstart.