Vil du jobbe tett på innbyggarane og avgjerdene som formar Sykkylven kommune?
Vi har ledig ei 100 % konsulentstilling i staben til kommunedirektøren. Her får du ein variert arbeidskvardag tett på innbyggarar, politiske prosessar og den daglege drifta av kommunen.
Du får sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver og ei viktig rolle i både drift og utvikling. Stillinga har eit breitt ansvarsområde, og du må trivast med å veksle mellom faste oppgåver, samarbeid og nye problemstillingar.
Arbeidsplassen er på rådhuset, der du blir del av eit arbeidsmiljø med fleire fagområde og samarbeider tett med kollegaer, kommuneleiinga og politisk leiing.
Vi søkjer ein person som skal
Arbeid medfører noko kveldsaktivitet.
Oppgåver kan endre seg over tid og nye oppgåver kan kome til. Det er gode muligheter for utvikling og nye ansvarsområde i stillinga.
Du kan ha ulik bakgrunn for oppgåvene, men forvaltningskompetanse er å foretrekke.
Relevant utdanning innan administrasjon, offentleg forvaltning, dokumentforvaltning eller tilsvarande, å føretrekke på høgskulenivå.
Døme på bachelor kan vere :
Utdanning og relevant arbeidserfaring blir vurdert i samanheng.
Har du erfaring frå administrativt arbeid, sakshandsaming, dokumentforvaltning eller liknande oppgåver ønsker vi at du legg fram dette.
God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i system, rutinar og regelverk er svært viktig.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk.
Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg er også ønskeleg.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.