Om stillinga
Byrknes barnehage og skule har frå snarast/etter avtale til medio august 2027 ledig i inntil 100% vikarstilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande. Stillinga er i utgangspunktet tenkt å vere knytt til arbeidsoppgåver i barnehage, men andre oppgåver ved eininga kan vere aktuelt ved behov (SFO/skule).
Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her for å lese meir om barnehagen ved eininga, og her for meir informasjon om skulen/SFO.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med barna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff