Straume bu og servicesenter er et unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som samen gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret inneheld to bufellesskap for eldre, eit bufellesskap for vaksne utviklingshemma, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Vi har ledig 70% vikariat for helsefagarbeidar på natt. Du jobbar i team med 3 andre nattevakter som samen har ansvar for 51 bebuarar på senteret. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld 1 år.
Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid i eldreomsorga.
Avdelingsleiar Heidi R. Endal tlf: 919 11 187
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.