I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste (FOT), er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som trafikkoordinator ved Seksjon for operative spesialfunksjonar (SEKOS), avsnitt for instruksjon, trafikk, sjø og drone.
Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskapskoordinering, Seksjon for operative spesialfunksjonar og Seksjon for felles tenestekontor. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet.
Seksjon for operative spesialfunksjonar har tre avsnitt; avsnitt for UEH og instruksjon, avsnitt for instruksjon, trafikk, sjø og drone og avsnitt for hundeteneste.
Stillinga er stadsplassert i Godvik.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til auka trafikktryggleik i politidistriktet. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med andre og byggjer gode relasjonar. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, tek initiativ og evnar å omsetje planar og mål til konkrete resultat.
Vi legg òg vekt på at du er utviklingsorientert, har god gjennomføringsevne og trivst med både operative og koordinerande arbeidsoppgåver.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.
Personleg egnethet og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.