Då har vi ein plass til deg på verdas beste avdeling!
Du trivst når det skjer litt rundt deg – og er ein trygg sjukepleiar som vil vere med oss i det vi meiner er ein av dei mest spanande og lærerike postane på sjukehuset vårt.
Her jobbar vi tett saman, både fagleg og menneskeleg, og har pasientar med både hjarte-, lunge-, slag og gastrolidingar – i tillegg til eit breitt spekter av andre medisinske diagnosar. Det gir ein kvardag med mykje ansvar, stor variasjon og god utvikling – saman med flinke og rause kollegaer.
Det er ledig 3x svangerskapsvikariat fordelt på hjerte/lunge/gastro post og slag/generell indremedisinsk post.
Er du ny? Null stress – vi tek godt imot deg og sørger for god opplæring og støtte frå dag éin.
Turnusen? den finn vi ut av saman. Vi har fleire løysingar:
📩 Snakk med Gloria – så finn vi noko som passar for deg. Eller berre søk med ein gong!
Stord er perfekt plassert for deg som vil ha fjord, fjell og fritid tett på. Her finn du turstiar, aktivitetar, kulturliv – og både vidaregåande skular og høgskule.
🔗Les meir om Stord kommune
Du vil jobbe med pasientar innan hjarte-, lunge- og gastrolidingar – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet.
Vi jobbar i tverrfaglege team, støttar kvarandre – og blir stadig betre på å stå saman.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Hos oss er det viktig at du:
Hos oss får du godt betalt for langhelg – med 47 % tillegg ved langvakter kvar tredje helg. Vi tilbyr fleksibel turnus og ein arbeidsplass med høg fagleg standard og breie problemstillingar.
Vi har kollegaer som trivst i lag og vi legg til rette for vidareutdanning og utvikling.