Kunne du tenkje deg ein variert og spennande arbeidskvardag i møte med barn og unge? Då er kanskje denne stillinga noko for deg.
Vi har frå 01.01.27 (eller tidlegare etter avtale) ledig to vikariat på 100%, som lærar ved skulen. Vi ser etter deg som er ein tydeleg, engasjert og trygg klasseleiar. Det er viktig at du er oppteken av å bidra inn i fellesskapet vårt, med fokus på å skape god fagleg og sosial meistring for elevane våre.
Landro skule ligg på Sotra, i Øygarden kommune, om lag 30 minutt køyring frå Bergen sentrum. Til skulekrinsen høyrer Solsvik, Vindenes, Landro og Angeltveit. Skulen er ein barneskule med om lag 260 elevar fordelt på 14 klassar.
Vi har fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø med høg grad av trivsel, både for elevar og tilsette. Vi er opptekne av laget rundt eleven, og alle tilsette jobbar som del av eit team.
Landro skule er framtidsretta, og har fokus på å skape ein praktisk og variert skulekvardag for elevane våre. I lærarrolla vil du få jobbe praktisk og variert, både som klasseleiar inn mot klasse, og på gruppe. I gruppetilbodet vil du jobbe med individuelt tilpassa undervisning inn mot ulike elevbehov.
Anita Vabø, rektor
E-post: [email protected]
Mobil: 98870780
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.