Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP)  har no ledig 100% fast stilling!

I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.

Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med førstelinjetenesta.

Det kan også verte høve for tilsetting i eitt årsvikariat.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av psykiske vanskar
  • Rettleiing til foreldre/føresette
  • Rettleiings- og konsultasjonsoppgåver til samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ynskjeleg med vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar eller pediatrisjukepleiar
  • Sosionom/klinisk sosionom eller barnevernspedagog/klinisk barnevernspedagog kan og være aktuelle for stillinga
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern, barnevernstenesta eller erfaring frå familieorientert arbeid vert vektlagt
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar
  • God kjennskap til lover og forskrifter
  • Politiattest må framleggast
  • Sertifikat for bil er ynskjeleg på grunn av utadretta arbeid

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å jobbe i team
  • Du har evne til å omstille deg i forhold til ulike situasjonar og pasientforløp
  • Du er målretta, løysningsorientert og fleksibel
  • Du har god kommunikasjonsevne
  • Du kan både arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre

Ved tilsetting vert det lagt vekt på personleg dugleik og på evne til samarbeid, samt effektivitet.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her.

Kontaktinformasjon

Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, [email protected]

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5202400899
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026