Kvassnesvegen bufellesskap ligg sentralt i Knarvik og er heimen til ni bebuarar. Me har no ledig eit vikariat for deg som er helsefagarbeidar og ønskjer å bidra til trygge netter for bebuarane våre. Oppstart er 01.01.2027 med varighet til 01.12.2027.
Bufellesskapet er bemanna heile døgnet. Hos oss arbeider vernepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. På natt er det alltid to vakne nattevakter på jobb.
Minimum fem års relevant arbeidserfaring frå helsearbeid er eit føremon
Me søkjer deg som trivst med å arbeide om natta og forstår kor viktig det er å vere til stades når bebuarane treng deg.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.