Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.
God leiing av klinikkane våre er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø.
Har du lyst til å leie eit av dei mest spennande og fagleg sterke miljøa innan offentleg tannhelseteneste i Noreg?
Tannhelsekompetansesenteret i Vestland ( TkVestland) søkjer no to engasjerte og tydelege klinikkleiar til vår spesialistklinikk i Bergen, som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom god og framtidsretta leiing.
Som eitt av fem regionale odontologiske kompetansesenter i landet har TkVestland eit breitt samfunnsoppdrag: vi skal sikre spesialisttannhelsetenester til befolkninga, drive fagutvikling og kvalitetsarbeid, byggje kunnskap gjennom klinisk praksisnær forsking, og vere ein fagleg ressurs for heile den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Spesialistklinikken er hjarta i denne verksemda, med eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og tett samarbeid med forskingsavdelinga vår.
Klinikken har om lag 45 tilsette og som ein av to klinikkleiar får du ansvar for omlag 25 tilsette og ei sentral rolle i å utvikle tenesta vidare, samstundes som du tek vare på og styrkjer eit arbeidsmiljø prega av fagleg stoltheit, samarbeid og utviklingsvilje. Du bidrar til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest. Du deltek aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for TkVestland gjennom områdeleiar si leiargruppe, og bidreg til at vi når måla våre innan fagutvikling, forsking og pasienttilbod.
Arbeidsoppgåver
Du må ha:
Det er ønskjeleg at du har:
Vi søkjer deg som:
Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.
Les gjerne meir om oss her:
https://www.vestlandfylke.no/tannhelse/tkvestland/om-tkvestland/