Vi søkjer etter ein engasjert avdelingsleiar med stor motivasjon for å vidareutvikle avdelinga og ta ei sentral rolle i HVL sitt arbeid med digitalisering og KI.
Avdelinga er i dag på vel 50 fast tilsette og 14 lærlingar. Avdelinga er i noko vekst. Avdelingsleiar er leiarstilling på nivå 3, i linja til Organisasjonsdirektør. Avdelingsleiar vil vere næraste overordna til fire einingsleiarar på nivå 4, som har personalansvar for tilsette og fagansvar for tenesteområda lagt til deira einingar.
Dei fire einingane i avdelinga har slik arbeidsdeling:
Avdelinga er det sentrale faglege miljøet for utvikling og drift av digitale tenester og digital infrastruktur i HVL. Avdelingsleiar vil ha eit heilskapleg ansvar for tenesteområda lagt til avdelinga, og utviklinga av avdelinga. Desse tenestene skal støtte, og i visse tilfelle vere tett integrerte i forsking, undervisning og innovasjon.
Det inneber at avdelingsleiar har ansvar for medarbeidar- og tenesteutvikling, budsjett, og arbeidsmiljø og HMS i avdelinga. Avdelingsleiar skal også ivareta ekstern kontakt med nasjonale tenesteleverandørar, samarbeidspartnarar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Avdelingsleiar har ei sentral rolle i arbeidet med å realisere HVL sin ambisjon om klok digitalisering. Det vil seie å sikre moderne, trygge og effektive digitale tenester for heile samfunnsoppdraget vårt, i ei tid med betydeleg uvisse knytt til teknologival. Avdelingsleiar skal ta initiativ til, delta i eller rådgje om institusjonelle investeringar i digitalisering og kunstig intelligens. Avdelingsleiar skal samarbeide med andre einingar i HVL om bruk av faglege ressursar i digitaliseringsprosessar, og arbeide tett med prorektor for regional utvikling og nyskaping som har det strategiske ansvaret for digitalisering og KI i HVL.
Avdelingsleiar har særleg ansvaret for:
Budsjettdisponering og økonomistyring i avdelinga.
Mynde
Mynde i avdelingsleiarstillinga er delegert frå Organisasjonsdirektør og avdelingsleiar rapporterer til organisasjonsdirektør.
Formelle kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Bakgrunnssjekk
For aktuelle stillingar gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ekstern leverandør for å verifisere opplysningar som går fram av tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykke frå kandidaten, og tilsetjing i desse stillingane føreset gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Stillinga som Avdelingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1060 - Avdelingsdirektør.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
1) Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik, 53 49 14 05, [email protected]