Voss vidaregåande skule ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen og er ein moderne skule med om lag 400 elevar og om lag 120 tilsette. Skulen har fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har høge ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda dei tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.
Me søkjer ein lærar til eit vikariat i engelsk og samfunnskunnskap for tilsetjing snarast. Engelsk ca. 24% og samfunnskunnskap ca. 20%.
Vikariatet varer fram til jul, men det kan bli aktuelt å forlengja det.
Me søkjer etter ein person som har:
høgskule-/universitetsutdanning,
praktisk-pedagogisk utdanning og
undervisningskompetanse (60 st.p.) i dei to faga
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Du er målretta og systematisk og set eleven si læring og utvikling fremst.
Du er tydeleg, støttande og motiverande i møte med elevane.
Du er kreativ og har omstillingsevne.
Du er flink til å samarbeida og er interessert i faga.
Hjå oss får du: