Alversamfunnet er i rivande utvikling og vi treng ein arealplanleggjar/sakshandsamar som ser moglegheitene i plan- og bygningslova sin formålsparagraf om berekraftig utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. I løpet av den kommande 10-årsperioden er det planlagt ny veg mellom Vågsbotn og Nordhordland. Denne investeringa må vi forvalte til beste for Alver og innbyggarane.
Vi søker etter deg som er opptatt av å bruke planlegging som verktøy for samfunnsutvikling. Du må like å jobbe i skille mellom fag, politikk og administrasjon.
I Alver kommune er vi eit dyktig team med stor arbeidsglede og høgt fagleg nivå.
Tenesteområdet plan- og utvikling har ansvar for samfunns- og arealplanlegging og analyser. Vi arbeider med kommuneplanen sin arealdel, områdeplanar, offentlege og private reguleringsplanar, moglegheitsstudiar og strategiar. Vi leverer kunnskapsgrunnlag til organisasjonen og prosjektstyrer overordna planarbeid i organisasjonen.
Utdanning på masternivå som arkitekt, planleggar, geograf eller tilsvarande
Relevant erfaring kan kompensere for krav om utdanning på masternivå. Ønskelig med erfaring fra planlegging/saksbehandling av private planer.
Vi søker deg som:
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune