Brenn du for faget ditt, liker å engasjere deg og deler gjerne kunnskapen din med andre? Då kan du vere pedagogen vi leiter etter! Hos oss blir du ein del av eit engasjert og dyktig fagmiljø, der rause og trivelege kollegaer støttar og inspirerer kvarandre kvar dag.
No har vi eit ledig vikariat i 100 % stilling ved poliklinikken. Stillinga er knytt til arbeid med barn frå 5 år og oppover. Vi ønskjer oss ein entusiastisk og engasjert spesialpedagog som kan vere med å styrkje fag og pasientforløp. Søker må ha erfaring fra BUP, PPT eller liknande.
Vi nyttar varierte og kunnskapsbaserte behandlingsmetodar som B4DT (4-dagars), DBT, TF-CBT og EMDR. I tillegg tilbyr vi psykoedukasjonsgrupper, musikkterapi, recovery-kurs med erfaringskonsulent og hundeterapi – alt for å sikre eit heilskapleg behandlingstilbod for barna og ungdommane vi møter.
Her får du høve til å gjere ein forskjell for barn og unge, i eit spennande arbeidsmiljø med eit sterkt fagleg fokus. Som ein del av vårt team får du nødvendig opplæring, kurs og vidareutdanning, slik at du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Hos oss får du høve til å bidra aktivt i fagutvikling og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod.
Ein arbeidsplass der samarbeid står i sentrum
Å jobbe med barn og unge inneber tett samarbeid med foreldre, skular og andre instansar. Difor ser vi etter deg som er god på samhandling, og som evnar å vere fleksibel når planane må justerast etter situasjonen. Vi legg stor vekt på å sikre samanhengande pasientforløp på tvers av tenester, slik at tilbodet i førstelinja og hos oss utfyller kvarandre heller enn å overlappe.
Trivsel og fagleg utvikling
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø der vi set pris på kvarandre.
Vi legg til rette for både fagleg og sosial utvikling gjennom:
🍽️ Felleslunsjar - der vi samlast og bygger gode relasjonar
📚 Fagdagar - for fagleg påfyll og vidareutvikling
💪 Tilbod om felles trening i arbeidstid - for å fremje både fysisk og mental helse
🌟 Hyggelege kveldsarrangement - fordi trivsel på jobb også handlar om gode opplevingar saman
Her får du ein jobb der du kan utvikle deg fagleg, bidra til noko meiningsfullt – og samtidig trivast på jobb! 👉 Søk i dag – vi gler oss til å møte deg!
Ring gjerne til funksjonsleiarar Margrethe R. Aase eller Marit Ness om du vil vite meir om stillinga.
Vi søkjer primært etter klinisk pedagog med erfaring frå arbeid i BUP.
Krav:
Det er ønskjeleg med:
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med klinisk pedagogisk kompetanse, kan det vere aktuelt å tilsetje søkjarar med spesialpedagogisk utdanning eller anna relevant pedagogisk masterutdanning, kombinert med erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande verksemd.
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team. Personleg presentasjon, CV og referanser blir også vektlagd i rekrutteringsprosessen.
Litt om oss
BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Vi har poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpostane har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.