Ny teknologi, kunstig intelligens og automatisering gir oss stadig nye moglegheiter til å skape betre kundeopplevingar, enklare arbeidsprosessar og ein meir effektiv bank.
No ser vi etter ein digital forretningsutviklar som vil bidra til å omsette idéar og ambisjonar til konkrete løysingar og resultat. Du blir ein del av avdelinga IT og forretningsutvikling, og får samarbeide med fagmiljø på tvers av banken.
Dette er ei rolle for deg som likar å forstå utfordringar, finne moglegheiter for forbetring og få endringar til å skje i praksis. Du får vere tett på utviklinga av banken og vere med å påverke både kva vi utviklar, korleis vi jobbar og korleis vi tek i bruk nye teknologiske moglegheiter.
Kva skal du jobbe med?
Som digital forretningsutviklar får du ei sentral rolle i utviklingsarbeidet vårt. Du skal bidra til å identifisere behov, konkretisere moglegheiter og drive initiativ frå idé til innføring og gevinst.
Arbeidet omfattar mellom anna:
Du treng ikkje vere den som utviklar løysingane sjølv. Det viktigaste er at du forstår behova, stiller dei rette spørsmåla, involverer dei rette menneska og sørger for framdrift.
Kven ser vi etter?
Vi trur du er ein person som kombinerer forretningsforståing med interesse for teknologi og utvikling.
Kanskje jobbar du med forretningsutvikling i dag. Kanskje kjem du frå prosjektleiing, rådgiving, digitalisering, prosessforbetring eller endringsarbeid. Det viktigaste er at du har erfaring med å drive utvikling og skape framdrift på tvers av fagområde.
Vi ser gjerne at du har:
Du tek initiativ, lærer raskt og trivst med å arbeide i eit miljø der ikkje alt er ferdig definert.
Difor skal du søke hos oss
Hos oss får du jobbe med utvikling som betyr noko. Du får vere med på å påverke korleis banken jobbar i framtida, og du får følge initiativ heilt frå idé til gjennomføring og gevinst.
Vi trur mykje av styrken vår ligg i kombinasjonen av sterke fagmiljø, korte avstandar og moglegheita til å jobbe tett på både avgjerdene og menneska som blir påverka av dei.
Som fast tilsett blir du medeigar i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis. Du får også tilgang til banken sitt spareprogram for EK-bevis, gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærlån med gunstige vilkår og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.
Søknadsfrist: 02.12.2026
Arbeidsstad: Førde
Leiar for IT og forretningsutvikling, Andrea Kristin Kvamsdal, svarar gjerne på spørsmål om stillinga.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.