Gjernes skule søkjer vikariat som fagarbeidar/assistent frå 03.01.2027. Som fagarbeidar/assistent i skule og SFO er du "limet" i kvardagen for elevane. Stillinga er knytt til arbeid på småskulesteget og i SFO, så du vil følgje elevane gjennom heile dagen. Du hjelper med oppgåver, du er med på stikkball, du sett plaster på albogen, du trøyster når livet går i mot. Du er varm, kan setje grenser og likar deg i lag med elevar!
Om arbeidsstaden:
Gjernes skule, ein skule der me er viktige for kvarandre! Me er 152 kjekke elevar og 25 vaksne som saman lagar skulen fin!
Me tilbyr:
Kvalifikasjonar:
Me ynskjer deg som:
Arbeidsoppgåver:
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden