UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgADet medisinske fakultet ønskjer deg velkomen til å søkje eit vikariat som seniorkonsulent i studieseksjonen. Tiltreding er så snart som mogeleg, og vikariatet varar fram til 30.september 2027.
Seksjonen leverer og koordinerer studieadministrative tenester for alle utdanningane ved fakultetet. Arbeidsoppgåvene i stillinga vil i stor grad, men ikkje utelukkande, vere knytt til medisinstudiet.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Vi søkjer ein person som
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er
naudsynte for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar av studieseksjonen, Martha Houen Dahle, på tlf 55 58 63 40 eller e-post [email protected]. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell, på tlf. 55 58 52 88, epost: [email protected].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.