Om arbeidsstaden
Område vest er lokalisert ved Voss sjukeheim, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon. Område vest består av ei langtidsavdeling, korttidsavdeling og heimeteneste. Lysinga gjeld for korttidsavdelinga. Me jobbar for tida etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Me har eit sterkt aukande fokus på mestringsteknologi.
Avdelinga har ledig to stillingar som avdelingsvert, ein stilling i 65% og ei helgestilling på 20%.
Begge stillingane inneber arbeid annar kvar helg.
Me tilbyr
Arbeidsoppgåver
Hovudmålet med stillinga er å avlaste pleiepersonalet med oppgåver som ikkje er direkte pasientretta, slik at dei får meir tid til pleie og omsorg. Samstundes skal avdelingsverten bidra til trivsel, fellesskap og ein god kvardag for bebuarane
Kvalifikasjonar
Du som er ufaglært og ynskjer å gjere ein forskjell for våre tenestemottakarar. Du må inneha tilstrekkeleg norsk språkkunnskap til å kunne omgåast og samarbeide med pasientar og kollegaer.
Helsefagleg utdanning eller erfaring frå arbeid med pasientnære oppgåver er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.