Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein engasjert og utviklingsorientert førstekonsulent til dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen. Seksjonen har ansvar for sikkerheit og beredskap, informasjonsforvalting og utvikling og drift av departementet si arkiv- og dokumentforvalting. I tillegg koordinerer seksjonen departementet sitt arbeid med digitalisering og teknologiutvikling.
Som førstekonsulent i dokumentasjonseininga vil du få innsikt i korleis eit departement arbeider, og bidra til at viktig dokumentasjon og informasjon blir forvalta korrekt, sikkert og på ein tilgjengeleg måte. Du vil jobbe tett med fagmiljøa og brukarane og få erfaring med både løpande oppgåver og utviklingsarbeid.
Departementsfellesskapet skal gjennomføre større organisatoriske endringar. Frå våren 2027 skal fagområdet informasjonsforvalting overførast til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) frå KUD. Stillinga er knytt til oppgåver som skal overførast, og den som blir tilsett, må derfor pårekne overgang til DIO.
Stillinga passar både for deg som er nyutdanna, og for deg som har nokre års relevant erfaring.
Du vil mellom anna
Du må ha:
Det er en fordel om du har
Vi søkjer deg som
bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Last opp attestar og vitnemål når du søkjer. Om du har fullført høgare utdanning utanfor Noreg, må utdanninga vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Kontorsjef Ida Tobro på e-post: [email protected]