Ser du både menneska og systema rundt dei?
Brenn du for relasjonelle samtalar, men har også eit blikk for korleis me kan utvikle betre tenester? Då kan dette vere stillinga for deg!
I Samnangerhjelpa, knappe 40 minutt med bil frå Bergen sentrum, søker me ein familieterapeut som ønsker å gjere ein forskjell – både i møte med barn, unge og familiar, og gjennom utvikling av gode faglige arbeidsformer.
Me ser etter deg som tenker heilskaplig, ser muligheter og trivst med å skape gode løysingar saman med andre. Hos oss får du kombinere terapeutisk arbeid med fagutvikling i eit tverrfaglig miljø, der det er kort veg frå idé til handling.
Me søker familieterapeut/fagutviklar til ei 100 % eittårig prosjektstilling.
Samnangerhjelpa er kommunen sitt tverrfaglige lågterskeltilbod der innbyggjarane kan få hjelp utan tilvising. Me arbeider etter prinsippet om «éi dør inn», med mål om å gi tidlig og tilgjengelig hjelp og sikre god samhandling rundt dei som treng det.
Samnangerhjelpa er organisert under Førebyggande tenester, som omfattar helsestasjon, psykisk helse og rus, kommunepsykolog og fysio- og ergoterapitenesta. Me er eit tverrfaglig fagmiljø som arbeider med førebygging, tidlig innsats og heilskaplig oppfølging av innbyggjarane. Me samarbeider tett med mellom anna barnevern, Nav, barnehage, skule og fastlegar.
Stillinga er finansiert gjennom tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland, med særleg vekt på å styrke det psykiske helsetilbodet til barn, unge og familiar.
Du vil i hovudsak arbeide med direkte familieterapeutisk oppfølging, kombinert med fagutvikling og tverrfaglig samarbeid. Stillinga gir mulighet til å bidra aktivt til vidareutviklinga av Samnangerhjelpa.
Det kan vere mulighet for vidareføring av stillinga, avhengig av framtidige tilskot og kommunen sine økonomiske prioriteringar.
Krav
Ønskjer
Me ser etter deg som:
Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og deler gjerne kunnskap og erfaringar med andre
Personlig eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.