UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
I fakultetsadministrasjonen ved Fakultet for naturvitenskap og teknolog i (NT-fakultetet) er det ledig stilling som økonomirådgjevar.
Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 900 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,5 milliard kroner.
Økonomiseksjonen ved NT‑fakultetet består av om lag 25 høgt utdanna medarbeidarar som held til i Realfagbygget. Seksjonen er organisert i tre temagrupper: totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Vi leverer økonomitenester og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre som høyrer til fakultetet. Den utlyste stillinga er i gruppa for prosjektøkonomi, med moglegheit for oppgåver innanfor dei andre gruppene ved behov. Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Hos oss vil du bli del av eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø og få varierte og sjølvstendige oppgåver innan økonomifeltet. Stillinga rapporterer til seksjonssjef.
Døme på arbeidsoppgåver for ein økonomirådgjevar:
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: kontorsjef Hanne Liteskare Hammer telefon 55 58 27 62 / e-post [email protected] eller seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-post [email protected].
For HR-relaterte spørsmål kontakt seniorrådgivar Karoline Christiansen på e-post [email protected] eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.