Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert vernepleiar til ei 100 % fast stilling ved Røsvikdalen bufellesskap, sentralt i Knarvik. Her blir du ein viktig del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø, der samarbeid, humor og tryggleik er ein naturleg del av kvardagen.
Stillinga har arbeid kvar fjerde helg med langvakter og er ledig frå 01.03.27.
Røsvikdalen bufellesskap består av seks leilegheiter med felles stove og kjøkken - eit heime‑miljø for seks personar med utviklingshemming. Her møter du eit stabilt og engasjert personale med heildøgnsbemanning, inkludert sovande nattevakt. Som del av eit tverrfagleg team med vernepleiarar, ergoterapauter, helsefagarbeidarar og assistentar, får du kollegaer som både deler kompetanse og humor i kvardagen!
Vi er ein trygg og samansveisa gjeng på sju tilsette som jobbar tett saman for å gje gode, forsvarlege og individuelt tilpassa tenester. Hos oss får du faglege diskusjonar, støtte frå erfarne kollegaer og eit miljø som verkeleg heiar på deg.
Som vernepleiar hos oss blir du ein sentral del av fagmiljøet og får eit arbeid som betyr mykje - både for deg og for dei du jobbar med.
Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di - og der du blir ein viktig del av eit større lag!
Vi søker deg som:
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.