Ferievikar 2027 for LIS1 

Arbetsbeskrivning

Helse Fonna søkjer dyktige LIS1-vikarar til sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda i ferieperioden 2027 (veke 25–33).

I søknaden ber vi deg opplyse om kva sjukehus du ønskjer å prioritere. Du kan også oppgi kva klinikk og/eller avdeling du helst vil arbeide ved.
Dersom du ikkje har høve til å arbeide heile perioden, ber vi deg oppgi kva tidsrom du kan arbeide. Vi vil prioritere søkjarar som kan arbeide i minst seks veker.

Velkomen som søkjar!


Kva går jobben ut på?

  • Tenesteplikt og ansvar som for LIS1, inkludert vaktteneste.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Det er eit krav at du kan framlegge norsk lisens som medisinerstudent eller som LIS1 innan oppstart, evt. norsk autorisasjon som lege.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har eit sterkt pasientfokus
  • tek ansvar og arbeider sjølvstendig
  • arbeider nøyaktig og strukturert
  • kommuniserer tydeleg og godt med pasientar og kollegaer

Vi tilbyr

  • Introduksjon og opplæring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.

Kontaktinformasjon

Olav Bøe Hunnes, Rådgiver, 52732156, [email protected]

Arbeidsstad

Karmsundgata 77
5531 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5211066273
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.12.2026