Vik kommune har ledig 100 % vikariat som tenesteleiar ved Vik sjukeheim, Vik helse- og omsorgssenter, frå snarast til januar 2028.
Som tenesteleiar får du ansvar for demensavdeling, langtidsavdeling og korttidsavdeling med om lag 30 årsverk. I tillegg vil du ha ansvar for institusjonskjøkenet med om lag 3 årsverk. Du blir ein del av leiarteamet i helse- og omsorgstenesta og får ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene i kommunen.
Om arbeidsstaden
Vik kommune er liten med om lag 2 600 innbyggjarar, men tenkjer stort. Helse- og omsorgstenesta er samla i nye og moderne lokale med sjukeheim, heimetenester, rehabilitering, omsorgsbustader, institusjonskjøkken, dagtilbod og tenester innan psykisk helse. Me har fokus på meistring, rehabilitering, demensomsorg og bruk av velferdsteknologi. Dette gir gode moglegheiter for samarbeid på tvers av fagområde og for å vere med på spennande og framtidsretta utviklingsarbeid.
Det er kort veg til Voss, Sogndal, Førde og Bergen.
Me tilbyr
Arbeidsoppgåver
Krav til kompetanse:
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Løns- og tilsetjinsvilkår
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.