Er du sjukepleiar eller vernepleiar med interesse for psykisk helse og rus?
Vi har no ledig 2 x100 % fast stilling som miljøterapeut ved DPS Døgn Kristiansund, med tilsetting frå snarast. Arbeidet er i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Vi søkjer engasjerte, fagleg trygge og positive sjukepleiarar eller vernepleiarar som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for pasientane våre. Vidareutdanning innan psykisk helse og rus er ein fordel.
DPS Døgn Kristiansund er ein del av Avdeling for DPS Nordmøre og Romsdal og har 18 sengeplassar. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling til vaksne med psykiske lidingar, med særleg vekt på eit aktivt og målretta miljøterapeutisk tilbod. Vi samarbeider tett med kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagkompetanse, engasjerte kollegaer og eit sterkt fokus på kvalitet og utvikling.
Vil du vere med og skape trygge netter og gode behandlingsforløp? Då håper vi å høyre frå deg!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.