Ledig fast stilling som spesialpedagog (om lag 50 %) i barnehagane i Fitjar kommune
Frå 01.01.2027 har Fitjar kommune ledig ei fast stilling som spesialpedagog i om lag 50 %, men stillinga vil bli utvida i løpet av barnehageåret, avhengig av vedtak om spesialpedagogisk hjelp og kommunen sine behov.
Om Fitjar kommune og barnehagane
Fitjar kommune ligg sentralt i Sunnhordland og har om lag 3 200 innbyggjarar. Me legg stor vekt på tidleg innsats, inkluderande fellesskap og gode oppvekstvilkår for alle barn.
Barnehagesektoren i Fitjar består frå hausten 2026 av tre barnehagar, to kommunale og ein privat, med om lag 170 barn totalt. Barnehagane samarbeider tett om fagutvikling og kvalitetsarbeid, og har som mål at alle barn skal oppleva tilhøyrsle, deltaking, meistring og utvikling i fellesskapet.
Barnehagane deltek i Utdanningsdirektoratet sitt læringsmiljøprosjekt, med rettleiing frå Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. Gjennom prosjektet arbeider me systematisk med å styrkja relasjonar, inkludering, førebygging og profesjonsfellesskap. Målet er å utvikla eit felles språk og ei felles forståing for korleis me skapar trygge og inkluderande miljø for alle barn. Dette arbeidet skjer i tett samarbeid med skulane i kommunen.
Stillinga er organisert i stab hjå kommunalsjef oppvekst og omfattar arbeid både i kommunale og private barnehagar i kommunen.
Me søkjer ein engasjert fagperson som ønskjer å bidra til at barn får tidleg og rett hjelp, og som ser verdien av samarbeid på tvers av barnehagar, fagmiljø og tenester.
Arbeidsoppgåver
Planleggja, gjennomføra og evaluera spesialpedagogisk hjelp til barn med vedtak etter barnehagelova
Leggja til rette for læring, utvikling, deltaking og meistring i barnehagen sitt fellesskap
Observera, kartleggja og dokumentera i tråd med gjeldande regelverk
Gje rettleiing og støtte til personale i barnehagane
Samarbeida tett med føresette og aktuelle samarbeidspartnarar
Delta i tverrfagleg samarbeid med PPT, helsestasjon, Statped og andre aktuelle instansar
Bidra til utvikling av inkluderande praksis i barnehagane
Arbeida med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) der dette er aktuelt
Kvalifikasjonar
Godkjend barnehagelærarutdanning, lærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning
Vidareutdanning innan spesialpedagogikk
Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov er ønskjeleg
Kunnskap om ASK, tidleg innsats og inkluderande praksis er ein fordel
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar. Du:
er fleksibel og trivst med å arbeida på fleire arbeidsstader
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
byggjer gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
arbeider sjølvstendig og strukturert
er løysingsorientert og fagleg engasjert
likar å vere ein del av tverrfaglege fagmiljø
bidreg til utvikling og deling av kompetanse
Me tilbyr
Ei meiningsfull stilling med stor fagleg påverknad
Varierte arbeidsoppgåver i både kommunale og private barnehagar
Eit godt tverrfagleg samarbeid med barnehagar, PPT og andre støttetenester
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Fleksibel arbeidskvardag
Løn etter gjeldande avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Den som vert tilsett må leggja fram gyldig politiattest før tiltreding.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef oppvekst, André Sæthre, telefon 40043230