Ved Skrenten bu- og treningsbustad har vi ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar. Vi ser etter deg som ønskjer ei leiarrolle med ansvar for fag, personale og dagleg drift, og som vil vere med å vidareutvikle eit tilrettelagt tilbod til born og unge med samansette behov.
Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.
Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. Tenestene krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.
Skrenten bu- og treningsbustad ligg idyllisk til på Lindås, med leilegheiter og fellesareal som gjer det mogleg å kombinere individuell butrening med sosialt fellesskap. Me jobbar tett på tenestemottakarane for å styrke ADL-ferdigheiter, sosial kompetanse, kommunikasjon (inkludert ASK), fysisk og psykisk helse, samt bruk av velferdsteknologi. Målet er å fremje livskvalitet gjennom mest mogleg sjølvstende.
Stillinga omfattar òg systematisk kartlegging av brukarane sine behov og sette mål ut frå dei kartlegginga. Det er max 5 tenestemottakarar som kan væra inne om gongen, med ca. 16 årsverk.
Vi søkjer primært etter deg som har norsk autorisasjon som sjukepleiar. Søkjarar med anna relevant helse- eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå kan òg bli vurderte.
I tillegg må du ha:
Det er ønskjelege at du og har
Du har eit genuint ønskje om å leie andre og trivst med ansvar for fag, kvalitet, tilsette og økonomi.
Du er trygg i relasjonar og tek ansvar og avgjerder på ein roleg, etterretteleg og modig måte – også når situasjonane er krevjande.
Du kommuniserer klart og gir og etterspør konstruktive tilbakemeldingar. Du har mot til både å stille krav, setje grenser og gi støtte. Du byggjer tillit og eit godt arbeidsmiljø, motiverer og rettleier kollegaer, og tek aktiv del i kulturbygging.
Du har høg etisk bevisstheit, held profesjonelle standardar og arbeider strukturert, målretta og samstundes fleksibelt og løysingsorientert.
Du ser moglegheiter, prioriterer klokt, skaper framdrift og samarbeider godt på tvers.
Dei personlege eigenskapane ovanfor vil bli lagde stor vekt på.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune