Nav
Hjelset, Norway
Vil du vere med på å vidareutvikle eit betre og meir heilskapleg helsetenestetilbod for pasientar med samansette og/eller kroniske sjukdomar? Vi har ledig ei 50 % prosjektstilling for sjukepleiar i Pasientsentrert helsetenesteteam (PSHT) frå snarast mogleg og til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som ønskjer å kombinere klinisk sjukepleie med samhandling, koordinering og utviklingsarbeid. Du blir motivert av å finne gode løysingar på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta, og ønskjer å bidra til at pasientar med samansette behov opplever heilskaplege og trygge pasientforløp. Pasientsentrert helseteam (PSHT) er eit tverrfagleg samhandlingsteam som arbeider for å skape heilheitlege og trygge pasientforløp for skrøpelege eldre og pasientar med samansette og kroniske sjukdomar. PSHT-teamet er knytt til både SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset) og DMS (Distriktsmedisinsk senter Kristiansund). Teamet samarbeider tett med kommunane og...